lördag 6 september 2008

NYNORSK i BOKMAL

Español Norsk (Nynorsk)
Svenska Norks (Bokmal)

Nynorsk er ein rettskrivingsnormal for norsk, bygd på eit utval av dei norske målføra. Offisielt gjeldande nynorsk rettskriving i dag er basert på normalen til Ivar Aasen, og seinare endringar av mellom andre Norsk språkråd.

Den fyrste norske skriftnormalen vart kalla landsmål (Landsmaal), men dette namnet vart i 1929 endra til nynorsk – eit framlegg om norsk, beint fram, tapte i Stortinget med éi røyst.
Etter 1938 vart den statsstyrte tilnærminga til austnorske målføre og delvis òg til bokmål så sterk at ein kunne ta til med å tala om ein eigen tradisjonell variant av nynorsk, i motsetning til den statlege norma. Denne meir tradisjonelle målforma er i dag mest kjend under nemninga høgnorsk.

Nynorsk hadde si største utbreiing til no i tida etter innføringa av rettskrivinga av 1938, då ein tredel av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som hovudmål. Då stod målet sterkt ikkje berre på Vestlandet, men òg på store delar av Austlandet, Sørlandet og i Trøndelag. Nynorsk fekk likevel ikkje fotfeste i byane.
Frå 1950-talet minka prosentdelen nynorskelevar gradvis til han stabiliserte seg på ca 15 % frå 1970-talet. Nynorsken forsvann ut att som skulemål der han kom seinast inn, og ikkje hadde støtte i bruk utanom skulen. Sentraliseringa i samfunnet er òg ein viktig grunn til minkinga. Nynorsken stod attende med eit kjerneområde på Vestlandet og dei indre bygdene på Aust- og Sørlandet.
Nynorskbrukarar som jobbar i norsk næringsliv har i regelen få opningar for å bruke nynorsk, men må bruke riksmål/konservativt bokmål (eller engelsk) der tekstane skal brukast eksternt eller representere firmaet. Dette betyr at det enno blir utøvd mykje strukturell tvang i retning av riksmål/konservativt bokmål. Statistikkar som viser til fordelinga av nynorsk og bokmål må tolkast ut frå den strukturelle tvangen som blir utøvd i norsk næringsliv.

Nynorsken er likevel meir synleg i samfunnet under eitt i dag enn han nokon g


ong har vore, særleg gjennom bruk i NRK fjernsynet. I TV2 brukar dei òg ein del nynorsk, men mest munnleg. Han er òg bruka i rimeleg grad av somme store regionsaviser, medan dei største riksavisene framleis har eit faktisk forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Dette gjeld VG, Dagbladet og Aftenposten. Derimot har desse riksavisene opna for nynorskskrivande journalistar: Vårt Land, Nationen, Dagsavisen og Klassekampen. I dataverda finst det etter kvart stadig fleire program og verktøy på nynorsk.

Inga kommentarer: